Du so e so flinke med data *
* sitat: nær slektning
Søk jobb i Tibber!
Sunnfjord kan by på nydeleg natur, korte avstandar, gode barnehagar og skular, samt hus til prisen av ei halv leilegheit på St.Hanshaugen.
Og for å vere ærleg; eit passe urbant utvalg av kino, kaffibarar, museum, utestadar, idrettsaktivitetar og teater.
I Tibber har vi stillingar ledig for deg som synest dette høyres bra ut (og er "flink med data"). Bli med på vårt digitale romjulstreff for meir info!
Om Tibber Førde
Hovudkontoret til Tibber ligg i Førde, og vi held til i kontorfellesskapet Peak Sunnfjord.
Her er vi ein dyktig, sosial og engasjert gjeng på 25 personar, som jobbar mellom anna med utvikling, kundeservice, marknadsføring, berekraft, kundeopplevingar og forretningsutvikling.
Stemninga på kontoret er avslappa og uformell, samtidig som vi alltid er fokusert på oppdraget, som er å utvikle verdas beste digitale kundeoppleving innanfor energi, og hjelpe kundane til å redusere sitt straumforbruk.
Vi vil gjerne ha fleire kollegaer til kontoret i Førde!