Tibber er verdas første heildigitale straumselskap. Vår teknologi gjer at kunden får ein betre pris og ei betre innsikt i straumforbruket sitt. Til skilnad frå dei tradisjonelle straumselskapa vel vi å ikkje tene pengar på forbruket til kundane våre; vi ønsker heller å hjelpe dei å redusere det. Vi har eit mål om å redusere strømforbruket i heimar i Europa med 20% - og utfordrar dinosaurane i marknaden ved å ta i bruk ny teknologi og aldri kompromisse på berekraft.
Hundretusentals elbilar, varmepumper og anna smarthusutstyr er allereie kobla til Tibber-appen. Gjennom vår plattform styrer vi kundane sitt forbruk for å redusere kostnader og forbruk. Vi prøver å skape ei heilt ny oppleving av energi og utviklar dette stadig. Å utfordre oss sjølve og andre er normalen.
Til no er vi snart 70 fantastiske menneske som held til på fire forskjellige kontor i Norden og Europa; Førde, Stockholm, Helsinki og Berlin. Hovudkontoret er i Førde. Sidan vi veks raskt er vi heile tida på utkikk etter nye talent eller erfarne folk som er nysgjerrige på å bli med på reisa vidare!
Er du lidenskapelig opptatt av god kundeopplevelse? Då er vi på jakt etter deg.
Som trainee innan kundeoppleving vil du bli ein del av Customer Engagement teamet i Tibber.
Arbeidsoppgåver
Du vil få jobbe innanfor områder som omfattar heile kundereisen frå a - å. Eksempel på dette kan være å identifisere og iverksette tiltak for å øke kundetilfredsheten eller redusere churn. Andre oppgåver kan være å skrive artiklar til vårt Help Center, eller analysere innkommande henvendelsar for å sjå korleis vi kan forbedre eksisterande kundereise. Du vil jobbe tett med andre delar av selskapet, som eksempelvis Vekst og Produkt / Utvikling.
Kvalifikasjonskrav
Du har gjerne utdanning innanfor kommunikasjon eller marknadsføring og er god på å utrykke deg skriftleg.
Felles krav til alle som søkjer stilling som Framtidsfylket-trainee:
- Minimum bachelor eller mastergrad
- Maksimalt tre års arbeidserfaring etter enda studium
- Norsk som arbeidsspråk - munnleg og skriftleg
Som trainee i Tibber vil du få ein eigen mentor som blir ansvarlig for den faglige utviklinga di. Men i Tibber har vi ein filosofi om at ansvar og eigarskap gjev best resultat, så du må trivast både med å jobbe sjølvstendig og på lag med andre. Du vil ha kollegaer både i Førde og på dei andre kontora våre i Norden og Europa, så du må vere strukturert og sjølvgåande, og kunne kommunisere godt på engelsk.
Om deg
Du er interessert i teknologi og trendar og det er også ein stor fordel om du er analytisk og strukturert anlagt.
Som trainee i Tibber vil du få ein eigen mentor som blir ansvarlig for den faglige utviklinga di. Men i Tibber har vi ein filosofi om at ansvar og eigarskap gjev best resultat, så du må trivast både med å jobbe sjølvstendig og på lag med andre. Du vil ha kollegaer både i Førde og på dei andre kontora våre i Norden og Europa, så du må vere strukturert og sjølvgåande, og kunne kommunisere godt på engelsk.
Vi tilbyr
Sidan vi er ute på eit oppdrag som inneber å snu opp-ned på heile energibransjen, må vi heile tida forvente det uventa. Vi er ei oppstartsbedrift, med alt det medfører av konstant endring og utvikling. Det “umulege” er vår arbeidskvardag, vi prøvar og feilar, men brukarane sine behov er alltid i sentrum for oss.
I løpet av det siste året har vi dobla talet på tilsette på kontora våre i Førde, Stockholm, Helsinki og Berlin. Vi rekrutterer frå heile verda, dyrkar mangfoldet, og jobbar like gjerne remote som frå kontoret. Den sterke kulturen og det gode samhaldet får vi mellom anna gjennom vekentlege videomøter og våre årlege pop-up-kontor; der vi møtes for å jobbe, ha det gøy og utforske ein ny by saman.
Vi jobbar systematisk med å redusere miljøpåverknaden frå produkta våre, og vi prøvar å drive selskapet på ein etisk god måte. Tibber skal vere ein positiv bidragsytar i samfunnet, og inspirere våre tilsette, kundar og samarbeidspartnarar til å leve så berekraftig som muleg.
Vi håpar at akkurat du vil bli med i Tibber Tribe!
Du vil jobbe som trainee hos oss i eitt år – frå august 2021 til august 2022.
Søknadsfrist er 15.03.21.
Ta kontakt for ein uformell prat!
Om du har spørsmål om traineestillinga i Tibber, ta kontakt med Linn Hege Helle (linn@tibber.com).