facebook tracking

Trainee Hardwareutvikler - Førde

Tibber er verdas første heildigitale straumselskap. Vår teknologi gjer at kunden får ein betre pris og ei betre innsikt i straumforbruket sitt. Til skilnad frå dei tradisjonelle straumselskapa vel vi å ikkje tene pengar på forbruket til kundane våre; vi ønsker heller å hjelpe dei å redusere det. Vi har eit mål om å redusere strømforbruket i heimar i Europa med 20% - og utfordrar dinosaurane i marknaden ved å ta i bruk ny teknologi og aldri kompromisse på berekraft.

Hundretusentals elbilar, varmepumper og anna smarthusutstyr er allereie kobla til Tibber-appen. Gjennom vår plattform styrer vi kundane sitt forbruk for å redusere kostnader og forbruk. Vi prøver å skape ei heilt ny oppleving av energi og utviklar dette stadig. Å utfordre oss sjølve og andre er normalen.

Til no er vi snart 70 fantastiske menneske som held til på fire forskjellige kontor i Norden og Europa; Førde, Stockholm, Helsinki og Berlin. Hovudkontoret er i Førde. Sidan vi veks raskt er vi heile tida på utkikk etter nye talent eller erfarne folk som er nysgjerrige på å bli med på reisa vidare!


No ser vi etter ein trainee med interesse for elektronikk og som likar å skape nye ting.

Kva kan vi tilby?

  • Høve til å bli med på eit oppstartseventyr i eit av dei raskast veksande selskapa i bransjen og i Noreg
  • Tibber har framleis ein flat struktur som gjer at alle er med og påverkar produktet. Tilsette får mykje ansvar, eigarskap og mulegheit til å utvikle seg med oppgåvene
  • Ein fantastisk gjeng med kollegaer som er lidenskapeleg interesserte i energi, teknologi og miljø
  • Eit uformelt arbeidsmiljø der vi kan garantere latter kvar einaste dag!

Arbeidsoppgaver: 

Vi ser etter nokon med interesse for elektronikk og som liker å skape nye ting. Du må like å ta ansvar over oppgåver og vere god til å tilegne deg kunnskap. Vi treng nokon som kan både hardware og firmware, og som dermed har litt erfaring med programmering. Vi programmerer firmware i C og brukar Python til litt forskjellege småting der det måtte passe.

I Tibber utviklar vi IoT produkt for framtida med energisparing, brukarvenlegheit og design i fokus. Produkta er tett integrert mot appen vår og hardware teamet jobbe tett med server og app utviklarane for å oppnå ein effektiv integrasjon mellom appen og den fysiske verda.

Når vi utviklar hardware gjer vi det med den teknologien som passar best til produktet, ofte ved å ta i bruk det nyaste av det nyaste som finst av komponentar.

Kvalifikasjonskrav: 

Som trainee i Tibber vil du få ein eigen mentor som blir ansvarlig for den faglige utviklinga di. Men i Tibber har vi ein filosofi om at ansvar og eigarskap gjev best resultat, så du må trivast både med å jobbe sjølvstendig og på lag med andre. Du vil ha kollegaer både i Førde og på dei andre kontora våre i Norden og Europa, så du må vere strukturert og sjølvgåande, og kunne kommunisere godt på engelsk.

Felles krav til alle som søkjer stilling som Framtidsfylket-trainee:

  • Minimum bachelor eller mastergrad
  • Maksimalt tre års arbeidserfaring etter enda studium
  • Norsk som arbeidsspråk - munnleg og skriftleg

Som Framtidsfylket Trainee får du:

  • Ein spennande jobb og eit nettverk med andre traineear i bedrifter i Vestland fylke
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Innsyn i eit mangfaldig næringsliv som for få kjenner til
  • Fire traineesamlingar og ein utanlandstur

Vi håpar at akkurat du vil bli med i Tibber Tribe!

Du vil jobbe som trainee hos oss i eitt år – frå august 2021 til august 2022.

Søknadsfrist er 15.03.21. 

Ta kontakt for ein uformell prat!

Om du har spørsmål om traineestillinga i Tibber, ta kontakt med Linn Hege Helle (linn@tibber.com) eller Dagfinn Reiakvam (dagfinn@tibber.com) Dei vil gjerne snakke med deg!

Or, know someone who would be a perfect fit? Let them know!

Førde

Hafstadvegen
6800 Førde Directions View page

The Tibber team is growing fast! Our offices are located in Stockholm, Helsinki, Berlin and Førde. For us it is not an issue being in different workspaces physically, we are always connected through live streaming screens. Annually though, we do gather the work force physically doing a pop-up office – to work, explore a new city and spend time together. 

Our offices have an informal, “no shoe policy" atmosphere. Feels almost like  coming home, but what a great opportunity when it comes to showing off your slipper fashion range! The well known facts that all people are different, and far from everyone is a morning person – are the very reasons why we have quite flexible work hours. 

We are very proud of being a mission driven startup, with thousands and thousands of new users every month. The majority of our investors are proudly represented by Tibber employees, Silicon Valley based Founders Fund, UK based  Balderton Capital and Eight Roads, Norwegian entrepreneur Petter Stordalen – and more. 

Join our Tibber Tribe, it will be an adventure!

Already working at Tibber?

Let’s recruit together and find your next colleague.

email
@tibber.com
Teamtailor

Applicant tracking system by Teamtailor