facebook tracking

Support-superhelt

Tibber er verdas første heildigitale straumselskap. Vår teknologi gjer at kunden får ein betre pris og ei betre innsikt i straumforbruket sitt. Til skilnad frå dei tradisjonelle straumselskapa vel vi å ikkje tene pengar på forbruket til kundane våre; vi ønsker heller å hjelpe dei å redusere det. Vi har eit mål om å redusere strømforbruket i heimar i Europa med 20% - og utfordrar dinosaurane i marknaden ved å ta i bruk ny teknologi og aldri kompromisse på berekraft.

Hundretusentals elbilar, varmepumper og anna smarthusutstyr er allereie kobla til Tibber-appen. Gjennom vår plattform styrer vi kundane sitt forbruk for å redusere kostnader og forbruk. Vi prøver å skape ei heilt ny oppleving av energi og utviklar dette stadig. Å utfordre oss sjølve og andre er normalen.

Vi har hatt ei fantastisk reise så langt, men vi har berre så vidt begynt! Nå søker vi etter flere som brenn for kundeopplevingar heilt utanom det vanlege, og som ønsker å bli med på eit oppstartseventyr i Førde! 


Kva går jobben ut  på?

Vi tenker heilheitleg på kundeoppleving, og korleis vi møter kundane våre er ein av dei viktigaste brikkene i merkevaren Tibber. 

Som konsulent i vårt supportteam bidreg du med råd og hjelp til kundar i bruken av våre tenester og produkt. Vi gjev deg opplæring i korleis produkta våre fungerer, slik at du blir ein god rådgjevar for kundane våre.  Vår viktigaste kommunikasjonskanal er chatten, som er tilgjengeleg i Tibber-appen og på websidene våre. Du vil jobbe spesifikt mot den norske marknaden, men også samarbeide tett med vårt globale team om ulike problemstillingar. 

I tillegg til å hjelpe kundane våre vil du bli utfordra på korleis vi kan forbedre Tibber, våre prosessar og rutiner. 

Kontorstad er våre nyoppussa lokaler i Peak Sunnfjord. Arbeidstid er turnusordning med dag, kveld og helg. Du må kunne kommunisere på engelsk med dine kollegaer på andre Tibber-kontor.

Om deg

Vi ser etter personar som er opptekne av knallgod service og supersmooth kundeoppleving. Det aller viktigaste er kven du er, snarare enn kva du har gjort tidlegare. Vi ser etter deg som er trygg og presis i kommunikasjonen, samtidig som du har glimt i  auget. Du får gjort hurtige avklaringar og er ein racer på tastaturet. Du er nysgjerrig, ivrig og oppteken av å halde deg sjølv oppdatert. At du brenn for teknologi er eit stort pluss, da du gjerne vil bli ansvarleg innanfor eit fagfelt du sjølv er ekstra dedikert til.

Saman med teamet jobbar du for at vi skal nå måla våre, du tek ansvar for eigne oppgåver, men er samtidig oppteken av å hjelpe kollegaene dine. 

I tillegg er det flott om: 

- Du har god teknisk innsikt og gjerne erfaring frå teknisk kundeservice.

- Du er ivrig, nysgjerrig og lærer raskt. 

- Du er ansvarsfull og frampå.

- Du er tilpasningsdyktig og fleksibel.

På innsida av Tibber 

Sidan vi er ute på eit oppdrag som inneber å snu opp-ned på heile energibransjen, må vi heile tida forvente det uventa. Vi er ei oppstartsbedrift, med alt det medfører av konstant endring og utvikling. Det “umulege” er vår arbeidskvardag, vi prøvar og feilar, men brukarane sine behov er alltid i sentrum for oss.  

I løpet av det siste året har vi dobla talet på tilsette på kontora våre i Førde, Stockholm, Helsinki og Berlin. Vi rekrutterer frå heile verda, dyrkar mangfoldet, og jobbar like gjerne remote som frå kontoret. Den sterke kulturen og det gode samhaldet får vi mellom anna gjennom vekentlege videomøter og våre årlege pop-up-kontor; der vi møtes for å jobbe, ha det gøy og utforske ein ny by saman. 

Vi jobbar systematisk med å redusere miljøpåverknaden frå produkta våre, og vi prøvar å drive selskapet på ein etisk god måte. Tibber skal vere ein positiv bidragsytar i samfunnet, og inspirere våre tilsette, kundar og samarbeidspartnarar til å leve så berekraftig som muleg.

Vi håpar at akkurat du vil bli med i Tibber Tribe! 

Ta kontakt for ein uformell prat!

Om du har spørsmål om denne stillinga eller andre mulegheiter i Tibber, ta kontakt med Natalia (natalia@tibber.com) Ho vil gjerne snakke med deg!

Or, know someone who would be a perfect fit? Let them know!

Førde

Hafstadvegen
6800 Førde Directions View page

The Tibber team is growing fast! Our offices are located in Stockholm, Helsinki, Berlin and Førde. For us it is not an issue being in different workspaces physically, we are always connected through live streaming screens. Annually though, we do gather the work force physically doing a pop-up office – to work, explore a new city and spend time together. 

Our offices have an informal, “no shoe policy" atmosphere. Feels almost like  coming home, but what a great opportunity when it comes to showing off your slipper fashion range! The well known facts that all people are different, and far from everyone is a morning person – are the very reasons why we have quite flexible work hours. 

We are very proud of being a mission driven startup, with thousands and thousands of new users every month. The majority of our investors are proudly represented by Tibber employees, Silicon Valley based Founders Fund, UK based  Balderton Capital and Eight Roads, Norwegian entrepreneur Petter Stordalen – and more. 

Join our Tibber Tribe, it will be an adventure!

Already working at Tibber?

Let’s recruit together and find your next colleague.

email
@tibber.com
Teamtailor

Applicant tracking system by Teamtailor