facebook tracking

Frontend-utviklarar

Tibber er verdas første heildigitale straumselskap. Vår teknologi gjer at kunden får ein betre pris og ei betre innsikt i straumforbruket sitt. Til skilnad frå dei tradisjonelle straumselskapa vel vi å ikkje tene pengar på forbruket til kundane våre; vi ønsker heller å hjelpe dei å redusere det. Vi har eit mål om å redusere strømforbruket i heimar i Europa med 20% - og utfordrar dinosaurane i marknaden ved å ta i bruk ny teknologi og aldri kompromisse på berekraft.

Hundretusentals elbilar, varmepumper og anna smarthusutstyr er allereie kobla til Tibber-appen. Gjennom vår plattform styrer vi kundane sitt forbruk for å redusere kostnader og forbruk. Vi prøver å skape ei heilt ny oppleving av energi og utviklar dette stadig. Å utfordre oss sjølve og andre er normalen.

Vi veks raskt, og ser no etter ein ny utviklar som skal heve nettbutikken vår til neste nivå. Tibber Store er per no lansert i Noreg, Sverige og Tyskland - og er klar for nye marknadar. Om du ønsker å arbeide med frontend-utvikling blant kjekke, og ikkje minst flinke folk på Førde-kontoret, samtidig som du bidreg til å gjere samfunnet bedre, les vidare!


Kva går jobben ut på? 

Tibber Store er den største smarthus-nettbutikken i Norden, og din jobb vil bidra til å gjere den endå betre. Du vil få i oppgåve å både vidareutvikle og forbedre den eksisterande plattformen, men vi treng også ditt auge for detaljar og dine gode idear når vi skal bygge nye komponentar og tilpassingar. Nettbutikken er bygd på NodeJS, NextJS og React.  

Kven er du?

Du er ein nysgjerrig og erfaren utviklar med eit utforskande tankesett. Du er komfortabel med å ta initiativ og dele dine tankar og idéar. Du ønsker å finne nye tilnærmingar til betre brukaropplevingar for kundane våre.  

I Tibber har vi ein filosofi om at ansvar og eigarskap gjev best resultat, så du må trivast både med å jobbe sjølvstendig og på lag med andre. Du vil ha kollegaer både i Førde og på dei andre kontora våre i Norden og Europa, så du må vere strukturert og sjølvgåande, og kunne kommunisere godt på engelsk. Det er sjølvsagt ein fordel om du allereie er Tibber-kunde eller kjend med produktet vårt på annan måte. 

Erfaring

  • Solid kunnskap og erfaring innan moderne JavaScript rammeverk, for eksempel React. 
  • Komfortabel med JavaScript (ES6) og TypeScript. 
  • Erfaring frå kundeorienterte prosjekt eller selskap.

Kjekt å ha 

  • Erfaring i å arbeide med NextJS
  • Erfaring med Contentful, eller andre frikobla CMS
  • Auge for design
  • Kjennskap til Tibber
  • Erfaring frå oppstartsselskap  

Identitet og kultur i Tibber 

Sidan vi er ute på eit oppdrag som inneber å snu opp-ned på heile energibransjen, må vi heile tida forvente det uventa. Vi er ei oppstartsbedrift, med alt det medfører av konstant endring og utvikling. Det “umulege” er vår arbeidskvardag, vi prøvar og feilar, men brukarane sine behov er alltid i sentrum for oss.  

I løpet av det siste året har vi dobla talet på tilsette på kontora våre i Førde, Stockholm, Helsinki og Berlin. Vi rekrutterer frå heile verda, dyrkar mangfoldet, og jobbar like gjerne remote som frå kontoret. Den sterke kulturen og det gode samhaldet får vi mellom anna gjennom vekentlege videomøter og våre årlege pop-up-kontor; der vi møtes for å jobbe, ha det gøy og utforske ein ny by saman. 

Vi jobbar systematisk med å redusere miljøpåverknaden frå produkta våre, og vi prøvar å drive selskapet på ein etisk god måte. Tibber skal vere ein positiv bidragsytar i samfunnet, og inspirere våre tilsette, kundar og samarbeidspartnarar til å leve så berekraftig som muleg.

Vi håpar at akkurat du vil bli med i Tibber Tribe! 

Ta kontakt for ein uformell prat!

Om du har spørsmål om denne stillinga eller andre mulegheiter, ta kontakt med Linn Hege Helle (linn@tibber.com) eller Elisabet Bøe (elisabet@tibber.com) Dei vil gjerne snakke med deg!

Or, know someone who would be a perfect fit? Let them know!

Førde

Hafstadvegen
6800 Førde Directions View page

The Tibber team is growing fast! Our offices are located in Stockholm, Helsinki, Berlin and Førde. For us it is not an issue being in different workspaces physically, we are always connected through live streaming screens. Annually though, we do gather the work force physically doing a pop-up office – to work, explore a new city and spend time together. 

Our offices have an informal, “no shoe policy" atmosphere. Feels almost like  coming home, but what a great opportunity when it comes to showing off your slipper fashion range! The well known facts that all people are different, and far from everyone is a morning person – are the very reasons why we have quite flexible work hours. 

We are very proud of being a mission driven startup, with thousands and thousands of new users every month. The majority of our investors are proudly represented by Tibber employees, Silicon Valley based Founders Fund, UK based  Balderton Capital and Eight Roads, Norwegian entrepreneur Petter Stordalen – and more. 

Join our Tibber Tribe, it will be an adventure!

Already working at Tibber?

Let’s recruit together and find your next colleague.

email
@tibber.com
  • Arvid Mårtensson
  • Brage Waage
  • Elina Koivisto
  • Finn Michael Halvorsen
  • Linn Hege Helle
  • Love Thyresson
  • Natalia Anna Fonn
Teamtailor

Applicant tracking system by Teamtailor