facebook tracking

Tibber er verdas første heildigitale straumselskap. Vår teknologi gjer at kunden får ein betre pris og ei betre innsikt i straumforbruket sitt. Til skilnad frå dei tradisjonelle straumselskapa vel vi å ikkje tene pengar på forbruket til kundane våre; vi ønsker heller å hjelpe dei å redusere det. Vi har eit mål om å redusere strømforbruket i heimar i Europa med 20% - og utfordrar dinosaurane i marknaden ved å ta i bruk ny teknologi og aldri kompromisse på berekraft.

Hundretusentals elbilar, varmepumper og anna smarthusutstyr er allereie kobla til Tibber-appen. Gjennom vår plattform styrer vi kundane sitt forbruk for å redusere kostnader og forbruk. Vi prøver å skape ei heilt ny oppleving av energi og utviklar dette stadig. Å utfordre oss sjølve og andre er normalen.

Vi veks raskt, og ser no etter ein ny kollega til vårt backend- team. Er du analytisk og likar å løyse problem? Vil du jobbe med noko gjer ein skilnad? Då er Tibber staden for deg!


Kva går jobben ut på?

Du vil vere ein del av eit lite og kompetent lag, som har mykje spanande kodeknekking på gang. Ei viktig oppgåve vil vere å implementere og vedlikehalde integrasjonar mot teknologi som er tilknytt Tibber og våre partnarar. Særleg vil du få jobbe med integrasjonar innanfor områda smart elbillading og smart varmestyring. I Tibber skal vi ligge i front innan teknologiutvikling, og som regel krevst ein del “reverse engineering” på eksisterande løysingar for å nå målet. 

Vi er stolte av både teknologiplattformen og den brukarvenlege appen vår, men det er utfordrande å skulle bygge ei løysing som fungerer for alle brukarar. Derfor utviklar vi også verktøy for alle teknologinerdar der ute, slik at dei kan bygge den løysinga dei ønsker. Arbeidsoppgåver kan vere alt frå utvikling av integrasjon mot smarthus gateways slik som Homey, til gjer-det-sjølv-løysingar som Home-Assistant, og publisering av våre eigne API. 

Alle i Tibber jobbar tett med brukarane våre for å forstå deira behov, slik at vi kan prioritere kva vi vil bygge. Integrasjonane våre er primært bygd i .NET Core. Kompetanse og erfaring med NodeJS er også verdifullt for oss. I tillegg til utvikling, så kan det også hende at du får nerde litt med sikker nettverkskommunikasjon :-) 

Kven er du?

Du er djupt engasjert i softwareutvikling og IoT, samtidig som du ønsker å bidra til å gjere energiforbruk både smartare og meir miljøvenleg.

For å trivast i denne rolla bør du ha nokre års erfaring som utviklar og vere komfortabel med .NET og/eller .NET Core. Du har ei utforskande innstilling og ønsker å finne nye tilnærmingar til betre brukaropplevingar for kundane våre.  

I Tibber har vi ein filosofi om at ansvar og eigarskap gjev best resultat, så du må trivast både med å jobbe sjølvstendig og på lag med andre. Du vil ha kollegaer både i Førde og på dei andre kontora våre i Norden og Europa, så du må vere strukturert og sjølvgåande, og du må kunne kommunisere godt på engelsk. Det er sjølvsagt ein fordel om du allereie er Tibber-kunde eller kjend med produktet vårt på annan måte. 

Identitet og kultur i Tibber 

Sidan vi er ute på eit oppdrag som inneber å snu opp-ned på heile energibransjen, må vi heile tida forvente det uventa. Vi er ei oppstartsbedrift, med alt det medfører av konstant endring og utvikling. Det “umulege” er vår arbeidskvardag, vi prøvar og feilar, men brukarane sine behov er alltid i sentrum for oss.  

I løpet av det siste året har vi dobla talet på tilsette på kontora våre i Førde, Stockholm, Helsinki og Berlin. Vi rekrutterer frå heile verda, dyrkar mangfoldet, og jobbar like gjerne remote som frå kontoret. Den sterke kulturen og det gode samhaldet får vi mellom anna gjennom vekentlege videomøter og våre årlege pop-up-kontor; der vi møtes for å jobbe, ha det gøy og utforske ein ny by saman. 

Vi jobbar systematisk med å redusere miljøpåverknaden frå produkta våre, og vi prøvar å drive selskapet på ein etisk god måte. Tibber skal vere ein positiv bidragsytar i samfunnet, og inspirere våre tilsette, kundar og samarbeidspartnarar til å leve så berekraftig som muleg.

Vi håpar at akkurat du vil bli med i Tibber Tribe! 

Ta kontakt for ein uformell prat!

Om du har spørsmål om denne stillinga eller andre mulegheiter, ta kontakt med Linn Hege Helle (linn@tibber.com) eller Elisabet Bøe (elisabet@tibber.com) Dei vil gjerne snakke med deg!

 

Or, know someone who would be a perfect fit? Let them know!

Førde

Hafstadvegen
6800 Førde Directions View page

The Tibber team is growing fast! Our offices are located in Stockholm, Helsinki, Berlin and Førde. For us it is not an issue being in different workspaces physically, we are always connected through live streaming screens. Annually though, we do gather the work force physically doing a pop-up office – to work, explore a new city and spend time together. 

Our offices have an informal, “no shoe policy" atmosphere. Feels almost like  coming home, but what a great opportunity when it comes to showing off your slipper fashion range! The well known facts that all people are different, and far from everyone is a morning person – are the very reasons why we have quite flexible work hours. 

We are very proud of being a mission driven startup, with thousands and thousands of new users every month. The majority of our investors are proudly represented by Tibber employees, Silicon Valley based Founders Fund, UK based  Balderton Capital and Eight Roads, Norwegian entrepreneur Petter Stordalen – and more. 

Join our Tibber Tribe, it will be an adventure!

Already working at Tibber?

Let’s recruit together and find your next colleague.

email
@tibber.com
  • Arvid Mårtensson
  • Brage Waage
  • Elina Koivisto
  • Finn Michael Halvorsen
  • Linn Hege Helle
  • Love Thyresson
  • Natalia Anna Fonn
Teamtailor

Applicant tracking system by Teamtailor